onsdag 10. desember 2008

Adventsandakt

Av Emil André Erstad
(Denne andakten hadde eg i Manger kyrkje 7.desember '08)



No mot juletider er det gåver, juletrær, julepynt, nissar, snø og glatte vegar, julegateopningar og mykje anna som står på programmet. Ein treng ikkje prøve hardt for å verta stressa i jula når det skjer så mykje over alt. Julemiddagar og julepresangar til familie og vener skal både planleggast og delast ut. Butikkane og tv’n er proppa med juleeffektar. På TV2 kan ein sjå The Julekalender, medan ein på NRK kan følgja Blånissane i Blåfjell. Julebrusen og kakemennene var å finna i butikkane allereie i slutten av oktober. Og alt dette førebinder me med jula.

Men kva handlar eigentlig jula om? Kva er grunnen til at me no i adventstida gjer oss klar for fest den 24.desember?

Det er ein person som er grunnen til julefeiringa, og han heiter Jesus. Det er nemlig slik at Jesus har bursdag på julaftan. Det er heile grunnen til julefeiringa, enkelt og greitt. Me feirar at han vart fødd på julaftan. Han blei sendt til jorda, som vår frelsar. Han kom til jorda for å gje oss menneske evig liv.
Gud sendte Jesus, sin einborne son, til jorda for at han skulle opna porten til Himmelen, slik at me, ved å tru på Jesus kan få koma inn i Himmelen.

Dette er viktig å hugsa på! Kanskje spesielt viktig no i julestrida, når mykje anna skygger over det som eigentlig burde vera bodskapen i jula; Jesus blei fødd for å frelsa oss.

Det er bra med julelys. Eg har sett fleire variantar, blant anna slike som runde som står på trappa og brenn. Slike som ein har i adventsstaken er også fine. Og så har ein jo desse som heng i vindauga og lyser så fint ut til alle som kjem forbi. Eg personlig syns det er veldig koselig med lys i jula. Men eg veit eitt lys som er veldig mykje viktigare. Det er dette lyset som lyser på Jesus og som rettar våre auge mot han. Gjerningane våre er dette lyset. For kvar av våre gjerningar som liknar Jesus sine, spreier kanskje eit ubetydelig lys, men samla byrjar dei å gjere ein betydelig forskjell.

Johannesevangeliet 1, 6-8
” Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset. ”

Korleis kan me vitna om lyset i dagens samfunn?

Korleis kan me fortelja andre at Jesus er vegen, sanninga og livet? Slik at dei ikkje går fortapt men får evig liv.

Det gjer me ved hjelp av dei gode gjerningane.

Lukasevangeliet 6, 31
” Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.”


Eg hugsa denne regelen hang oppe på veggen i klasserommet då eg gjekk på barneskulen her nede på Manger. Det var ein påminnar kvar gong ein kikka bort på veggen og ein veldig god leveregel, og eg er viss på at den gjorde at læraren fekk mindre bråk å ordna opp i.

Så det beste du kan gjera mot andre no i adventstida er å vera god mot dei, visa gode gjerningar, for det kan nemleg forandra livet deira viss dei endå ikkje har tatt i mot Jesus.

Lyset sender ut strålar til eitkvart menneske, enten dei tek i mot lyset, let seg opplysa eller ikkje. Lyset når fram uansett.
Slik er Jesus. Han vil at alle skal bli frelst, han vil ikkje at nokon skal gå fortapt. Difor må me senda ut lys i form av gode gjerningar til våre medmenneske, slik at dei og me ikkje går fortapt men får evig liv.

Det er livsviktig.

Ingen kommentarer: