tirsdag 25. november 2008

KRIK Radøy med ny heimeside!

KRIK Radøy har ordna seg ny heimeside, der alle kan bli oppdatert på siste nytt når det gjeld KRIK.

Her vil me leggja ut det meste av informasjon, bilete og mykje anna også. Difor er det litt lurt å stikke hovudet innom denne sida i ny og ne. Spesielt før KRIK-samlingane.

Og på fredag er det samling, så då er det berre å få med seg ein gjeng og komme! 19.30 i Radøyhallen. Fredag 28.november.

Du vil ha SMS for å hugse det, seier du? Ja, send "KRIK RADØY" til 1963. Så får du påminning når det er KRIK!

Sida er under oppbygging, så det vil kanskje ta litt tid før den er heilt optimal. Men kom gjerne med ei tilbakemelding viss du meiner noko kan gjerast betre, eller har ein idé - emilandreerstad@hotmail.com !

Ingen kommentarer: